Asbjørn Hodnekvam, leiar i 17. mai-komiteen i Bergen, opnar nasjonaldagen i Dreggen ved Mariakirken. Nifaldig leve, festmarsj og «Ja, vi elsker» til salutten kl. 07.00, før Morgonprosesjonen startar til Bergenssangen.

Kategori
Seremoni
Tilgjenge

Atter er dagen opprunnen!

Nasjonaldagen i Bergen byrjar i Dreggen ved Mariakirken kl. 06.45. Formannen i 17. mai-komiteen, Asbjørn Hodnekvam, opnar dagen med orda til avlidne John Lund: «Atter er dagen opprunnen!» Han ønskjer bergensarane velkomne til å feire nasjonaldagen slik berre bergensarane kan.

Eit nifaldig leve for 17. mai

Vi samlast om eit nifaldig leve for 17. mai – tre gonger tre hurra! Lungegaardens Musikkorps og Krohnengen Brass Band spelar «Festmarsj til 17. mai-komiteen i Bergen».

Salutten og Morgonprosesjonen

Kl. 07.00 syng vi «Ja, vi elsker» til salutten frå Skansen. Deretter set Morgonprosesjonen seg i rørsle til tonane av Bergenssangen, «Nystemten».

Møt opp i Dreggen ved Mariakirken og bli med på ein stemningsfull start på 17. mai i Bergen.