PÅMELDING 2027
Her blir påmelding, fristar og praktisk informasjon publisert for korps, lag, foreiningar og andre grupper som ønskjer å delta.
Påmeldinga til Hovudprosesjonen og Flaggtoget er open. Fyll ut skjemaet nedanfor. Informasjon om frist blir publisert når han er fastsett.
Dei enkelte prosesjonane kan ha ulike reglar og målgrupper. Vi samlar krav, oppmøteinformasjon og retningslinjer her slik at deltakarar får éin tydeleg inngang.
Her samlar vi informasjon om deltaking i prosesjonane i 2027.
PÅMELDING · 2027
Den tradisjonsrike morgonprosesjonen gjennom Bergen sentrum.
PÅMELDING · 2027
Hovudprosesjonen startar frå Koengen kl. 10.30. Oppmøte frå kl. 09.30, seinast kl. 10.15.
PÅMELDING · 2027
Flaggtoget for skular, barnehagar, buekorps, skulekorps og speidarar. Avgang frå Christies gate ved Festplassen kl. 10.40.
PÅMELDING · 2027
Frå Kaigaten til Dreggekaien etter Hovudprosesjonen, om lag kl. 12.30, med laga som skal delta i kapproninga.
PÅMELDING · 2027
Frå Appellplassen på Bergenhus festning gjennom sentrum til Vikingskipet på Festplassen.
PÅMELDING 2027
Meld på laget eller gruppa til Hovudprosesjonen eller Flaggtoget 17. mai 2027. Vel prosesjon, kolonne og oppmøtestad. Rekkjefølgje og tildeling kan bli justert av 17. mai-komiteen.