KØYRELØYVE · 2027
Søk om køyretøy i Hovudprosesjonen eller nødvendig teneste- og leveringskøyring innanfor sperringane. Vel rett søknad nedanfor.
Køyretøy i Hovudprosesjonen · raudt løyve: Organisasjonen må først vere påmeld Hovudprosesjonen. Be deretter om ei personleg søknadslenkje med same kontaktadresse som i påmeldinga.
Ikkje påmeld enno? Meld på laget
For nødvendige oppdrag og levering av scener, instrument eller anna utstyr innanfor sperringane. Du treng ikkje å vere påmeld Hovudprosesjonen. Søknaden må behandlast før eit løyve kan skrivast ut.
Søk om tenestekøyringFor køyretøy i Hovudprosesjonen: Ha klart registreringsnummer, mål og vekt for køyretøyet og eventuell tilhengjar, skildring og grunngiving for deltakinga og opplysningar om sjåførane. Den personlege lenkja er gyldig i 30 minutt. For tenestekøyring fyller du ut oppdrag, stad, biltype, registreringsnummer, førar og kontaktadresse i det blå søknadsvalet. Begge søknadstypane krev fødselsnummeret til føraren til løyvet og bakgrunnssjekken frå politiet. Informer føraren om føremålet og slettefristen før du sender inn. Innsending gir ikkje køyreløyve.
Køyretøy til Hovudprosesjonen møter på Festningskaien. Følg oppmøteinformasjonen i det endelege løyvet.
KØYRETØY · 2027
Hovudprosesjonen startar frå Koengen kl. 10.30. Oppmøte frå kl. 09.30, seinast kl. 10.15.