Flaggtoget i Bergen starta i 1877. Til å byrje med fekk berre gutar delta, og dei bar raude, kvite og blå vimplar.
Barna kjem!
Skulestyrar Peter Qvam i Christiania fekk i 1869 ideen om å organisere eit barnetog for elevane ved Maribogadens Latin- og Realskole. Året etter fekk han støtte av Bjørnstjerne Bjørnson, og den 17. mai 1870 gjekk det første barnetoget i hovudstaden.
Først sju år seinare, i 1877, byrja barnetoget eller flaggtoget i Bergen. Dette året kunne ein lese ei innbyding i avisene i Bergen til gutane i byen: «Gutter, der vil deltage i Flagtoget den 17de mai, maamøde paa Skandsen kl. 9:00 med Stender i sin Haand».
Guttenes flaggtog var det første namnet på det som seinare blei omtalt som flaggtoget. Årsaka til namnet er enkel nok: Det var berre gutar som fekk lov til å delta. Det er vel heller ikkje rett å kalle dette eit flaggtog, då det ikkje var flagg med. Gutane var derimot utstyrte med raude, kvite og blå vimplar. Dette fordi formannen i 17. mai-komiteen, John Lund, som tok initiativ til toget, ikkje ville ha det norske flagget med unionsmerket («Sildesalaten») i toget. Svenske symbol skulle ikkje få prege nasjonaldagen til nordmennene.
Difor blei gutane stilte opp tre og tre i breidda, med raude vimplar til høgre, kvite i midten og blå til venstre. Dei eldre gutane blei gjennom annonsane i avisene fortalde at det var deira plikt å passe dei yngre i toget. Det første flaggtoget hadde ikkje musikkorps då det marsjerte. Det var song som gjaldt, og songane var mange av dei same som blir brukte i dag, som til dømes «Se Norges Blomsterdal» og «Vi ere en Nation».
Toget gjekk frå Skansen og ned svingane til Torget. Her slutta det seg til Hovudprosesjonen etter avdelinga til sjømennene. Saman gjekk så dei to toga utover Strandgaten og til Nordnes, så over Klosteret og Kalmargjerdet ned til Engen. På Engen blei det heile avslutta med songar, talar og hurrarop. Ifølgje BT deltok meir enn 1000 gutar i toget, som var «noget af det smukkeste man hos oss har hatt Anledning at se». Det tok likevel ikkje lang tid før òg «Unge Piger i Nationaldragt» og etter kvart musikkorps blei inviterte inn i toget. Sidan den gongen har Flaggtoget vore blant dei vakraste 17. mai-innslaga i verda, og slik er det òg i dag!

Eit skulemusikkorps på veg ned Skansesvingene på 1930-talet. Foto: Ukjend. Kjelde: Billedsamlingen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Skansen var fast møteplass for Flaggtoget i gamle dagar. Her på 1930-talet. Foto: Ukjend. Kjelde: Billedsamlingen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Buekorpsa deltok som regel i flaggtoget. Her marsjerer Laksevågs Buskyttere på Bryggesporden i 1898. Foto: O. Irgens. Kjelde: Billedsamlingen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Den skal tidleg krøkjast. Forventningsfulle barn klare for å gå i tog i retteleg gamle dagar. Foto: Ukjend. Kjelde: Billedsamlingen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Eit av gutemusikkorpsa i byen i flaggtoget ned Skansesvingene, ca. 1930. Arkivet til 17. mai-komiteen. Manuskript- og librarsamlingen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Her er Løvstakken Jægerkorps i Skansesvingene ca. 1931. Foto: Ukjend. Kjelde: Billedsamlingen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

På 1960-talet var 17. mai-feiringa ofte fuktig. Humøret var likevel på topp. Eller som optimistane sa: «Det kunne vært verre, vi kunne hatt sønnavinds kuling i tillegg». Barnetoget var eit «opptog i kulørt plast og nylon», kunne «Bergens Tidende» fortelje i 1964. Foto: Ukjend. Kjelde: Billedsamlingen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Den 17. mai 1992 deltok Vågens bataljon, eit buekorps med jenter, for første gong i Flaggtoget. Dei raudkledde buekorpsjentene stilte med 106 jenter på linje. Tre år seinare gjekk Lungegaardens òg i gatene i byen. Foto: Ø. Deiz. / A. Nilsen. BT-arkivet. Henta frå: B. A. Bagge: En velsignet søttendes. Bodoni forlag, Bergen, 2014.

Cheerleaders har òg blitt ein del av Flaggtoget. Her spreke «duskedamer» frå Åsane Seahawks. M. Aarekol. BT-arkivet. Henta frå: B. A. Bagge: En velsignet søttendes. Bodoni forlag, Bergen, 2014.
