I frigjeringsåret 1945 hadde hovudprosesjonen ifølgje Morgenavisen meir enn 30 000 deltakarar. Avmarsjen frå Festplassen tok 45 minutt.

Arkivartikkel frå 2025, då det var 80 år sidan frigjeringsfeiringa i 1945.

I maidagane 1945 var gleda ubeskriveleg over at krigen var over, og at Noreg atter var fritt. Og 17. mai skulle sjølvsagt feirast! Den 8. mai 1945 vart difor 17. mai-komiteen frå 1939 pålagd å lage fest.

Regnvêret tidleg på 17. mai hindra ingen i å delta. «Morgenavisen» anslo at prosesjonen hadde meir enn 30 000 deltakarar, og avmarsjen frå Festplassen tok 45 minutt.

Dei mange militære uniformene skulle kome til å dominere blant deltakarane. Dei heimkomne soldatane og heimestyrkane utgjorde ein stor kontingent i Hovudprosesjonen under merke som Bjørn West, Mil.org, Hjemmefronten med fleire. Men her var også andre grupper som merkte seg ut. Her deltok jo alt frå lauslatne krigsfangar til buekorps.

Frå Vikingskipet var det nærare tretti talarar som hadde ting på hjartet. Det vart tala for fridom og fedreland, fred, folkestyre, konge, regjering, kyrkje og familie og andre ting som låg talarane på hjartet. Frå dette året kom det også ein ny fast tale: for dei falne.

Det mest populære innslaget denne dagen for dei mange barna var det Danskehjelpen som stod for. Den danske hjelpeorganisasjonen delte ut ei tilvising til kvar einskild av deltakarane i Flaggtoget. Denne kunne sidan takast med til Nygård skole, der ho kunne bytast i ein ekte original skillingsbolle!

I åra etter krigen var ei kjempestor 17. mai-feiring ei sjølvfølgje, og oppslutninga, uansett vêr og vind, var formidabel. Ikkje berre var det folk overalt. Det er den samlande nasjonaldagen og kontinuiteten som slår ein i auga. Dei same «rituala» blir gjentekne år etter år. Men innanfor rammene finst det likevel variasjonar, raritetar og mangfald.

Hovudprosesjonen på Torgallmenningen 17. mai 1945

Det var folk overalt då Hovudprosesjonen gjekk av stabelen den 17. mai 1945. Her frå Torgallmenningen. Foto: Rolf Norvin. Kjelde: Marcus. Billedsamlingen. Spesialsamlingen. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Frigjevne tysklandsfangar i Hovudprosesjonen 17. mai 1945

Tysklandsfangane var eit umåteleg populært innslag då dei deltok i Hovudprosesjonen 17. mai 1945. Foto: Rolf Norvin. Kjelde: Marcus. Billedsamlingen. Spesialsamlingen. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Barn på ein tyskarbunker på Ole Bulls plass 17. mai 1945

Glade barn feirar 17. mai 1945 frå toppen av ein tyskarbunker på Ole Bulls plass. Foto: Leon Berge. Kjelde: Marcus. Billedsamlingen. Spesialsamlingen. Universitetsbiblioteket i Bergen.