Frå kanonane på Bergenhus i 1827 til saluttane frå Skansen – historia om eit av dei mest rungande 17. mai-symbola i Bergen.

17. mai – dagen for saluttane

Det finst mange teikn på at det er 17. mai i Bergen. Bunader som kjempar mot sidevind, is som smeltar før du rekk å betale, og eit publikum som syng nasjonalsongen med ei blanding av høgtid og ekte bergensk patos. Men det er éin ting som verkeleg får bergensarane til å opne øyra, nemleg saluttane. For det er ikkje berre ein lyd – det er eit smell med historisk sus.

Når det smell, veit du kvar du er

Allereie i 1827 kan ein lese i avisene at 17. mai blei markert med salutt frå kanonane på Bergenhus. I 1835 kunne ein òg høyre salutt frå Fløyen for første gong.

I 1855 fortel avisene at alle «leve!»-jubelropa under prosesjonane blei følgde av saluttar både frå eit skip på Vågen og frå Fløyen samstundes. Og i 1866 kom salutten for første gong frå Skansen, som på dette tidspunktet var privateigd. Utviklinga heldt fram, og i 1879 var det morgon- og kveldssalutt både frå Skansen og Sydneshaugen.

Historisk salutt fra Bergenhus på begynnelsen av 1900-tallet
Salutt ved Bergenhus på begynnelsen av 1900-tallet

Salutt frå Bergenhus på byrjinga av 1900-talet.

Offisielle saluttar

Desse tidlege saluttane var rett nok litt uorganiserte kanonskot, men alt i 1880 blei den første offentlege salutten avfyrt frå Bergenhus festning, den gongen klokka 13 og ikkje 12 som i dag. BT fortalde: «Klokken 1 gaves for første gang ved vor Grunnlovsfest offisiell Salutt fra Festningen». Denne blei svart på både «af Skibe paa den ydre Havn og af et improviseret Batteri der var anbragt i Stenbruddet under Fjeldvejen.»

Og i 1912 kom så endeleg ordninga der ein skyt saluttane frå Skansen etter at det på Torgallmenningen er ropa eit «leve!» for minnet om eidsvollsmennene, og ein nesten har sunge gjennom «På Eidsvoll stander». I programmet i 1912 kunne ein lese: «Ved Begyndelen af siste Vers aabnes Salutten fra Fløyfjellet, Flaggene sænkes, og Publikum blotter sine Hoveder».

Salutt fra Skansen på begynnelsen av 1900-tallet

Salutten frå Skansen høyrer med til ein bergensk 17. mai, sjølv om det ofte har vore spetakkel rundt han. Her frå byrjinga av 1900-talet.

Kritikk og pjolterglas

Sjølvsagt har ikkje alle vore like begeistra. På Skansen klirra pjolterglasa faretruande i skapa i etterkrigsåra, og bebuarar trua med rettssaker. Trykkbølgjer blei målte, klager skrivne og bekymringar lufta. Men Bergen lèt seg ikkje stoppe av litt klirring i glasa. Ordførar Aug. D. Michelsen sette ord på det heile med ein replikk som framleis står rissa inn i medvitet til byen: «I Bergen skal pjolterglassene stå på bordet Søttendes, ikke i skapet.» Og dermed var vel kanskje saka eigentleg avgjord?

Salutt fra Skansen i 2014

Bergenske 17. mai-saluttar har ei lang historie. Biletet viser salutten frå Skansen i 2014.

Meir enn berre smell

Sjølv om saluttane er eit av dei mest rungande høgdepunkta på nasjonaldagen, er dei ein del av ein større tradisjon av eld og lys. På 1800-talet flamma gledesbluss på byfjella – små bål som signaliserte fridom og fellesskap. Seinare kom romerske lys og til og med gassflammar som skreiv «17de Mai» i lyset. Og fyrverkeriet har alltid vore med.

Men få ting slår kjensla av eit skikkeleg saluttbrak på Søttendes, eit smell som rungar over gatene og smuga i Bergen. Då veit vi at det er Søttendes Mai!

Kanoner avfyrer salutt ved Skansen brannstasjon