Rundt 50 000 menneske møtte fram då Kong Haakon avduka Christian Michelsen-statuen på Festplassen 17. mai 1938.
Christian Michelsen – bergensaren som forma nasjonaldagen
Christian Michelsen leidde landet gjennom det dramatiske året 1905 og ut av unionen med Sverige. Michelsen sjølv var bergensar og forma av det politiske livet, næringsverksemda og dei kulturelle miljøa i Bergen. Oppveksten i ein konservativ kjøpmannsheim i Bergen gav han både forretningsteft og politisk innsikt. Kvalitetar som var med på å prege tida hans som statsminister.
Sjølv etter at han var vorten ein nasjonal personlegdom, var Michelsen sterkt forankra i Bergen. Han var engasjert i lokalpolitikken, var ein sentral figur i bergensk reiarlagsverksemd, og bidrog til byen gjennom det langvarige arbeidet sitt for Den Nationale Scene og Bergens Museum. Heimen hans Gamlehaugen i Fana – seinare lokal kongebustad – kan kanskje sjåast som eit symboltungt minnesmerke over livet og virket hans.
Christian Michelsen og 17.mai
17. mai-feiringa og Christian Michelsen er ei interessant sak. Mellomkrigstida var ein periode prega av sosiale og politiske spenningar i Noreg, og dette kom tydeleg til uttrykk i feiringa av nasjonaldagen. I Bergen – som i andre norske byar – valde mange arbeidarar heller å markere 1. mai enn å delta i den tradisjonelle feiringa til borgarskapet av 17. mai. Dermed vart nasjonaldagen i fleire tiår eit rom for sosial polarisering framfor nasjonal samling.
Utover 1930-talet byrja dei politiske frontane å mildne, og etter at Arbeiderpartiet danna regjering i 1935, slutta veljarane til partiet i aukande grad opp om dei tradisjonelle 17. mai-toga. Då Arbeiderpartiet deltok i toget i hovudstaden i 1937, vart dette oppfatta som eit viktig steg mot ei felles, nasjonal feiring.
Denne rørsla mot samling kulminerte i Bergen den 17. mai 1938, då statuen av Christian Michelsen vart avduka på Festplassen. Hendinga vart ei av dei største offentlege markeringane i historia til byen: Konge, regjering og stortingsrepresentantar møtte fram saman med rundt 50 000 menneske for å heidre både nasjonaldagen og minnet om Michelsen – mannen som hadde leidd Noreg gjennom unionsoppløysinga i 1905. Kong Haakon 7. stod for sjølve avdukinga og framheva rolla Michelsen hadde hatt i 1905.
Bergensaren som samla nasjonen
På mange vis kan vi difor seie at Christian Michelsen vart ein person som ikkje berre prega si eiga samtid. Gjennom statueavdukinga i 1938 vart han også eit symbol. At statuen vart reist nettopp her, på Festplassen, midt i det offentlege rommet i byen, understreka det nære sambandet mellom Michelsen og bergensarane. Samstundes vart han også eit uttrykk for ein samla nasjon og verdien av nasjonaldagen.

Festplassen var overfylt då statuen av Christian Michelsen skulle avdukast den 17. mai 1938. Ukjend fotograf. Kjelde: Billedsamlingen. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Kong Haakon heldt ein vakker tale om forholdet til Christian Michelsen under statueavdukinga på Festplassen i 1938. Ukjend fotograf. Kjelde: Billedsamlingen. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Det var folk overalt då statuen skulle avdukast, både på bakken og på taka i byen. Ukjend fotograf. Kjelde: Billedsamlingen. Universitetsbiblioteket i Bergen.
