Kleda har alltid hatt ein særleg plass i den bergenske 17. mai-feiringa.

Kleda på den bergenske 17. mai

Kleda har alltid hatt ein særleg plass i den bergenske 17. mai-feiringa. Vêret er ofte ustabilt her i byen mellom fjella, og vårsola kan like gjerne bli avløyst av regnbyer. Difor kan påkledninga på 17. mai vere både ei praktisk naudsynt løysing og eit synleg uttrykk for høgtid.

På slutten av 1800-talet var 17. mai dagen då innbyggjarane i byen tok på seg noko anna enn det dei gjekk med til kvardags: Dei unge frøknene i byen hadde flotte kjolar, og fargerike parasollar i alle regnbogens fargar kunne òg vere vanlege i vårsola. Dei verkelege herrane bar gjerne flosshatt og redingot (slå det opp, så har du lært litt kulturhistorie). Vanlegare folk hadde enklare klede, men felles var at dei bar det beste dei hadde. Samla gav dette ei sjeldan blanding av fest og folkelegheit.

Nye klede til Søttendes

For mange var dette òg dagen då nye klede endeleg kunne takast i bruk. I hushald med knapt med pengar var 17. mai ofte eitt av få tidspunkt i året då barna fekk noko nytt å ta på seg. Kleda tydde difor meir enn pynt og pyntesykje; dei bar lovnaden om høgtid, om tilhøyrsle og om å bli sett. Det var kanskje ikkje berre nasjonen som blei feira? Men òg behovet den einskilde hadde for å ta på seg det beste ein hadde og vise seg fram frå si beste side?

Rundt 1900 byrja bunaden gradvis å gjere seg gjeldande i 17. mai-biletet i byen. Mottakinga var svært blanda. For nokon blei han ein måte å vise eit politisk standpunkt for det norske i opposisjon mot unionen med Sverige. Mange av avisene såg derimot med skepsis på det dei oppfatta som nasjonalromantiske kostyme og kunstige uttrykk, særleg når dei dukka opp i ein urban samanheng. Likevel fann bunaden plassen sin, først i opptoga til bygdelaga, sidan i eit stadig breiare lag av befolkninga.

Frå denne tida var òg mørk dress 17. mai-uniforma til borgarskapet.

Og ser vi på påkledninga utover i mellomkrigstida og åra etter andre verdskrigen, kledde folk seg framleis i den finaste stasen sin til ære for dagen. Og om eliten i byen gjerne ikkje alltid hadde heilt like klede, var flosshatten alltid på plass.

Frå bunad til sari

Men tilbake til bunaden. Etter kvart endra òg tydinga av han seg. Etter oppløysinga av unionen med Sverige fekk ein ei bunadsoppblomstring for å byggje opp under det norske. Hardangerbunaden blei til og med omtalt som «nasjonalbunaden» til Noreg og blei teken i bruk som ei nasjonaldrakt over store delar av landet på denne tida.

Ei bunadsoppblomstring kom òg etter andre verdskrigen. Bunaden hadde før krigen kunna framstå som noko framandt eller påteke, men i løpet av 1900-talet blei han eit stadig meir sjølvsagt innslag i feiringa i byen.

På 1990-talet blei han omtalt som representasjonsdrakt, òg for unge, sjølvsikre bergenske menn. Rundt tusenårsskiftet var bunaden ikkje lenger berre eit symbol på arv, men òg på sjølvtillit og identitet – tolka, diskutert og ofte framheva i media. I dag er det stas både for menn og kvinner å kle seg i bunaden på nasjonaldagen.

Samstundes har òg 17. mai-tog og prosesjonar ført med seg nye impulsar. Sariar, kimonoar og andre folkedrakter har etter kvart funne vegen inn i prosesjonen, side om side med bergensbunader, regnjakker og gummisko. Det bergenske ved feiringa ligg kanskje nettopp her: i evna til å romme både det høgtidelege og det kvardagslege, det tradisjonelle, det internasjonale og det improvisert praktiske.

17. mai-kleda i Bergen har alltid vore meir enn eit spørsmål om mote. Dei har vist sosial ulikskap og uttrykk for nasjonale straumdrag, men dei seinare åra òg eit breitt etnisk mangfald. Dette blir dermed òg eit vitnemål om ein by som feirar på sin eigen måte. I ei blanding av menn stramt uniformerte i mørk dress, til det meir fargerike og litt uregjerlege. Og over det heile kviler håpet om det fine 17. mai-vêret der vi kan kle oss for å feire dagen.

Klesannonser fra 1800-tallet
Klesannonser fra 1800-tallet

Ein har alltid reklamert ekstra for klede i samband med 17. mai. Her eit par annonsar frå 1800-talet. Kjelde: Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Kles- og strømpeannonser fra 1950-tallet
Kles- og strømpeannonser fra 1950-tallet

Her nokre andre reklameinnslag frå 1950-talet. Klede måtte ein ha, og rette strømper var populære. Kjelde: Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.

Festkledde barn på Møhlenpris i 1910
Barna var òg vakkert kledde opp, med det beste foreldra kunne skaffe til 17. mai. Her frå Møhlenpris i 1910. Kjelde: Arkivet til 17. mai-komiteen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.
17. mai-komiteen i Bergen i 1937
I mellomkrigstida kunne det vere eit tydeleg skilje. Dei betre borgarane i byen gjerne med flott dress og flosshatt, vanlege folk i det beste dei hadde. Her ser du 17. mai-komiteen i 1937. Kjelde: Arkivet til 17. mai-komiteen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.
Nasjonalromantisk postkort med bunadsmann etter 1905
Bunaden blei svært populær etter unionsoppløysinga i 1905. Her frå eit postkort med nasjonalromantisk motiv frå denne tida. Kjelde: Arkivet til 17. mai-komiteen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.
Bunad og sari, hånd i hånd i 2014
Mangfaldet kjenneteiknar 17. mai-kleda i dag. Her frå 2014. Bunad og sari, hand i hand. Kjelde: Arkivet til 17. mai-komiteen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.