Bjørnson-statuen utanfor Den Nationale Scene blei avduka framfor ei stor folkemengd 17. mai 1917. Verket til Gustav Vigeland vekte både begeistring og sterke reaksjonar.

Den 17. mai 1917 vart Bjørnstjerne Bjørnson-statuen utanfor Den Nationale Scene avduka framfor ei kjempestor folkemengd. Nasjonaldagen dette året var særleg vigd sjømannsstanden. Om morgonen vart difor flagga senka på halv stong for å minnast dei norske sjømennene som hadde gjeve livet sitt for fedrelandet under den pågåande verdskrigen.

Avdukinga av Bjørnsonstatuen var likevel høgdepunktet på dagen. Statuen var utforma av bilethoggaren Gustav Vigeland. Meiningane om statuen var mange: ifølgje «Bergens Aftenblad» var publikum begeistra: «den spænstige skikkelse stod der til alles tifredshed». Men det var mange ulike syn på statuen.

Enkja etter Bjørnstjerne, bergensaren Karoline Bjørnson, var til stades og sa til følgjet sitt: «Ikke se på ham, han er forferdelig». Replikken som likevel vart best hugsa i ettertid, spela på statuen av ein Bjørnson i rask gange: «Mykje har han skrevet — og godt har han skrevet, Men denne gangen har han forskrevet seg», heitte det.

Folkemengda ved avdukinga av Bjørnson-statuen 17. mai 1917

Karoline Bjørnson deltok i spissen for ei stor folkemengd då statuen av mannen Bjørnstjerne vart avduka 17. mai 1917.

Bjørnstjerne Bjørnson-statuen utanfor Den Nationale Scene

«Mykje har han skrevet — og godt har han skrevet, Men denne gangen har han forskrevet seg» heitte det på folkemunne etter at Bjørnson-statuen vart avduka 17. mai 1917. Foto: Atelier KK. Kjelde: marcus.uib.no. Billedsamlingen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.