Som alle innfødde veit og alle innflyttarar lærer, har Bergen sine tradisjonar og ritual for feiringa av nasjonaldagen.
Som alle innfødde veit og alle innflyttarar lærer, har Bergen sine tradisjonar og ritual for feiringa av nasjonaldagen. Det er for så vidt ikkje noko spesielt i det – alle stader har sine faste 17. mai-innslag. Men i Bergen er ein del av desse innslaga særprega for byen, med røter langt tilbake på 1800-talet.
Sjølv om Bergen hadde sendt mange viktige menn til Riksforsamlinga på Eidsvoll (tenk berre på W. F. K. Christie, som blei den første stortingspresidenten vår), var byen eigentleg botnkonservativ og kongetru. Og altså ikkje først ute med å feire 17. mai. Første gongen var visstnok i 1826, då latinskuleelevane med stillteiande samtykke frå rektor feira dagen med fest på Nygaard. Men året etter slo vi til med offisiell feiring. Dagen blei innleidd med salutt, fortel historia – og det blir han framleis.
Det blei òg sendt opp rakettar den gongen som no, men då frå Fløyen. Prosesjonen gjekk ikkje før om kvelden og var nok noko meir improvisert enn dagens, men det kom etter kvart fasong på og orden i rekkjene. I 1848 høyrer vi om prosesjon både klokka 5 (om morgonen!) og om ettermiddagen. Då hadde byen òg fått sin 17. mai- eller festkomité. Det skjedde året før, i 1847, då ein del personar hadde sagt seg villige til å yte bidrag til feiringa av grunnlovsdagen og straks fekk som oppgåve å skaffe meir pengar.
Ei ikkje ukjend oppgåve for alle 17. mai-komitear sidan.
Pengane som kom inn i 1847, blei mellom anna brukte til ulike folkeforlystingar, og nokre av dei har vi den dag i dag på den bergenske «søttendes»: kapproing og klatrestenger. Klatrestengene, som er 15 meter høge, blei gjerne smurde inn med grønsåpe for at det ikkje skulle vere for lett å komme seg opp og hente ein gevinst, og det blei òg tidleg forbode å bruke klatrestroppar.
Kapproinga – eller kapproningen, som det heitte og som komiteen i dag held på – gjekk på Store Lungegårdsvann (med eit par unntak) heilt til 1951, då konkurransen blei flytta til Vågen. Det var rett nok ein del år på byrjinga av 1900-talet då kapproningen var ute av programmet, og i vår tid har det iblant vore problem med å få både båtar og roarlag nok til å gjennomføre konkurransen. Men 17. mai-komiteen gjer sitt beste for å halde på tradisjonane.
Rakettar er nemnde, og fyrverkeri har vore eit så å seie fast innslag i alle år. Både Fløyen, Lungegårdsvannet og Sverresborg har fungert som «utskytingsrampar». Fakkeltog høyrer vi òg tidleg om utan at det ser ut til å ha vore blant dei mest faste innslaga. Men no har det for lengst blitt ei stemningsfull avslutning på feiringa, etterfølgd av fyrverkeriet.
Og så prosesjonane. Som det heiter i Bergen – bortsett frå barnetoget, som her i Bergen byrja som Gutternes Flagtog i 1877. Og Flaggtoget heiter det framleis. Det har si eiga historie, med og utan laurdagskorps og søndagskorps eller buekorps i det heile, etter kvart med småjenter, og etter kvart òg med flagg i staden for vimplane som først blei brukte. Einsfarga raude, kvite og blå – så unngjekk ein striden dei første åra om unionsflagg eller reint norsk flagg.
Før 1877 var det vanlegvis berre éin prosesjon 17. mai: Hovudprosesjonen, som i si tid hadde både ei lengre og ei anna rute enn i dag, frå Skansen via Klosteret til Engen. Flaggtoget gjekk i mange år saman med Hovudprosesjonen, men fekk i 1914 si eiga rute. Når det gjeld Morgonprosesjonen, gjekk det som nemnt ei grytidleg vandring gjennom Bergen i 1848, men ho blei ikkje noko fast innslag.
Det er ikkje godt å seie når Morgonprosesjonen eigentleg byrja, men i 1892 blei det innført ein ny post i programmet (det har vore trykte 17. mai-program i Bergen frå 1877): Bergen Brigades Musikkorps gjekk kl. 08.00 frå Nygårdsparken til Vetrlidsallmenning. Året etter gjekk det kl. 07.15 frå Skansen til Nygårdsparken, og mange av borgarane i byen gjekk med. Men først i programmet for 1911 blir nemninga Morgenprocession brukt.
Mange tilreisande og innflyttarar synest Hovudprosesjonen blir for mykje karneval, men òg dette «karnevalet» har tradisjonar. Historia meiner at utgangspunktet finst hos formannen John Lund og festkomiteen hans. Folk skulle bli minna om dei store hendingane og stolte namna i norsk historie; dermed var grunnlaget lagt for ulike opptog, innslag og tablå.
John Lund, ja. Om Bergen fekk sin første 17. mai-komité i 1847, tyder ikkje det at vi har hatt komitear kontinuerleg sidan då. Iblant hangla og gjekk det med private initiativ, men i 1859 fekk vi ein drivande festkomitéformann, nemleg Bjørnstjerne Bjørnson, som då var teatersjef i Bergen. (Det var her han òg skreiv det første utkastet til «Ja, vi elsker» – gløym ikkje det.) Han fekk sving på sakene og gjorde ein mektig debut som 17. mai-talar, men så drog han tilbake til hovudstaden.
Og så gjekk det så som så med den organiserte feiringa heilt til erkebergensaren og festmennesket John Lund i 1876 blei vald til formann i ein nystifta 17. mai-komité. Og det var han – med unntak for nokre år på Stortinget – til han døydde i 1913. Det er han som skal ha helsa kvar 17. mai med «Atter er Dagen oprunden!», ei helsing som har blitt halden ved lag av 17. mai-komiteane sidan.
