Dei faste tradisjonane og historiene våre er berarar av kulturarven vår.

Vi har sidan februar i år lagt ut små historier kvar veke frå den bergenske 17. mai-feiringa, og veit du, bergenshistoria er enno stappfull av fleire. Vi har fått så gode tilbakemeldingar frå følgjarane våre om desse historiene at vi tenkjer å halde fram med nye historier neste vår.

Bergensarane veit å setje spor etter seg gjennom alle generasjonar. Dei faste tradisjonane og historiene våre er berarar av kulturarven vår. Det at noko er som det alltid har vore, kan kanskje vere ei redningsplanke «for nokken kver» i travelheit og kvardagskaos. Bergensarane ber historiene og tradisjonane sine vidare til dei neste generasjonane. Slik held vi hjartet vårt for Bergen varmt og sikrar at vi saman tek vare på den bergenske arven vår. Vi håpar det vesle bidraget vårt med historier kvar veke har bidrege til både oppfrisking av kunnskap og som kjelde til historier ein ikkje visste om frå før.

Takk for følgjet for denne gong – vi er allereie i gang med førebuingar til den Søttendes i 2026!

Historisk trykt 17. mai-program fra Bergen, bilde 1
Historisk trykt 17. mai-program fra Bergen, bilde 2

Frå den gongen 17. mai-programmet kom ut på papir. Det var mange som hadde dei som samleobjekt, og heldigvis har vi sikra at dei blir tekne vare på. No finst dei i arkivet til 17. mai-komiteen, Spesialsamlingene, Universitetet i Bergen.

Kjelde: Arkivet til 17. mai-komiteen. Spesialsamlingene. Universitetsbiblioteket i Bergen.